torsdag 30. april 2009

Melding av Fatso

Lengsel, kjærleik og tilhøyrsel, noko vi, alle, kjenner til, og noko som denne filmen tek opp på ein veldig god måte. Det nye, norske vidunderet er regissert av Arild Fröhlich, og hadde premiere i norske kinoar 24.10.2008. Fatso er ein film som definitivt vil dra til seg merksemda di som dyrisk tildraging mellom to menneske, med mange ubehagelege scener som det norske publikum ikke er så veldig van med. Det faktumet at fyrstevalet til filmskaparane, for tittel på filmen var «Knullegutt», kom ikkje som ei overasking. Nils Jørgen Kaalstad er perfekt i hovudrolla som Rino Hanssen.
Filmen som er basert på romanen til Lars Ramslie frå 2003 med same namn, handlar om 30 år gamle Rino, ein mann som bur aleine i leilegheita si, og har dagar som består av rett-ifrå-boksen nugatti, øl, porno og ganske tvangsmessig, svett onanering. Rino gjer skrekkelege, grunnleggjande feil når han er rundt andre menneske, som gjer at vi som publikum føler ubehag. Dette sørgmodige livet hans blir snudd på hovudet når den 20 år gamle, svenske «baben» Malin blir leigebuaren hans. Malin fungerer som en katalysator, og er den som sakte men sikkert viser at Rino ikkje er den «knullegutten» vi får inntrykk av at han er i byrjinga, men ein dynamisk , verkeleg person som vi begynner å få medkjensle for.
Er det mogleg å vere 30 år og ikkje gjere anna enn å «fruktrunke» til pornofilmar dagen lang, og berre ta pausar for å lage ein grov, pornografisk teikneserie? Karakteren er nok noko meir overdreven enn det vi trur er riktig, og det er dette som er med på gjere denne filmen så god. Filmen handlar om så mykje meir enn berre runking og porno! Rino ønskjer berre å føle seg akseptert og elsket, noko vi alle ønskjer. Den handlar om å ikkje føle seg god nok, og filmen klarer å illustrere det dårlige sjølvbildet hans så godt at nokre av oss kanskje kjenner oss litt igjen i tankane og kjenslene hans?
«Eg trur neppe dette var ein film eg ville tatt initiativ til å sjå, og langtifrå tatt med mamma, men eg angrar ikkje på at eg hadde øygna oppe heile tida i kinosalen (nesten i kvart fall...). Nokre par latterkrampar tok overhand over min evne til å sjå den dypare meininga i nokre scener, men filmen fekk meg likevel til å tenke. Dette er absolutt ein film som absolutt anbefales til alle som trur dei kan tåle slik kost.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar